Sanseleg prosa om døden

Nok ei bok frå den produktive Patti Smith på Samlaget, flott omsett av Brit Bildøen.

Publisert: Skrevet av: Vidar Kvalshaug, BOK365

Patti Smith: Apens år

Omsett av Brit Bildøen
161 sider
Samlaget

 

Omgrepet The darkest hour is just before dawn er meint til å trøyste. Bob Dylan skreiv desse løkkeskriftlinjene inn i Meet me in the morning, som var første song på B-sida på Blood on the tracks. I 1975 var han inne i ein folk-rotfesta periode etter eit par underkjende plater på 1970-talet, og dette var jammen også året Patti Smith skulle debutera opna karriera si med linjene Jesus died for somebodys sins / but not mine. Ho kom med knyttneven allereie der.

Apens år av Patti Smith: en bokanmeldelse

Kanskje var det for tidleg å utrope ein ny Dylan på den tida? Var det utenkjeleg at Den nye Dylan var ei kvinne? Kvifor ikkje ho? Ho var da i det minste ei jordmor for punken?

Seks like t-skjorter

Vel førti år etter, i Apens år 2016, treff vi Patti Smith igjen. Ho drar som ein nomade over USA og du kan sjå henne for deg, i støvlar med jord på, ein holete frakk, svarte jeans, den same t-skjorta x 6 i bagasjen. Same på scena som i ørkenen. Ho har for mange mil i kroppen, ho har for mykje død bak seg, og det er akkurat der ho står no, i den mørke timen. Landet hennar skal velje president. Vi vet jo korleis det gjekk i 2016. Sjelevenen Sandy Pearlman ligg i koma. Eksen hennar, Sam Shepard, er døande, men har eitt manus igjen å skrive. (Det gjeld den ikkje spesielt imponerande boka The one inside, men du verden, for nokre noveller skodespelaren og regissøren har skrive før!)

Nøye omsett

Trass vandringane, ankomstane og minna, er Apens år ei fokusert bok om eit vendepunktår. Patti Smith skriv ein fortetta og sanseleg prosa, som omsetjaren Brit Bildøen skal ha skryt for å få med over til norsk. Bildøen gjer utsøkte val som mindre litterære omsetjarar ikkje ville gjort. Eit døme er frå side 55 og setninga «det var lett regn, og håret på dei høge palmane veifta i vinden». Ho kunne nytta både «vifta» (no som alt er lov) og «veiva», men «veifta» ER Patti Smiths presumptivt innestengde og plutselege ropande, lyriske språk på norsk. Språket gir tyggemotstand, men forfattaren ruslar lettreist over jorda mellom fortid og notid, delstatar og i tid.

Apens år er femte Patti Smith-boka frå Samlaget, og ikkje alle har vore like konsentrerte som denne: Patti Smith nærmar seg sytti år og lagar seg eit crossroads: Frå no av kan alt gå alle vegar. Døden lurer i hestehagane, ved einsame kafeteriar, i dei asiatiske bydelane i byane ho befinn seg i, og det er lite staffasje, få oppstolpa referansar.

Låg mumling frå forfattaren

Stemma hennar mumlar lågt gjennom heile boka og ho drar oss nær si eiga krise i dette. Ho held fram med å reise for dei som ikkje kan det lenger. Boka er avgrensa til dette året, til eit visst antal menneske, enda Smith, med si erfaring og arkiv over levd liv, kunne tatt dette heilt ut i anekdoteverda og laga ein fullgod sjølvbiografi med utgangspunkt i sitt syttiande år. I staden er det summen av bøker som utgjer eit liv med sine forskjellige stadier. Eg tenkjer på Joan Didion og nikkar denne inn i det du må lesa i karantena: Berre det å sjå folk treffast over ein kopp kaffi, i ein bil, på ein rutebilstasjon: Det er vakkert og underleg.

Så kan ein innvende: Om dette ikkje var Patti Smith med all den biografien, den tida og dei assosiasjonane ho drar med seg – ville boka vore like bra? Det trur eg ikkje vi hadde fått svar på. Bøkene hadde neppe blitt utgjevne, for så originalt oppsiktsvekkande er det ikkje. Men dette ER Patti Smith, hennar kulturvener og hennar forteljarmåte i skrift.

New morning

Det er åtte år sidan forrige studioalbum. Tida har ho brukt på bøker, vaksenbøker frå Just kids og oppoverbarnebøker og lydbokinnlesingar for Audible. Om det var eit mørke der, er ho no ute i gryet i ein ny morgon.