Livet, til det betre – ny bok fra Anna Gavalda

Anna Gavalda, leserfavoritten som ga ut Saman er ein mindre aleine (2008), er ute med en ny følsom sjarmoffensiv. Livet, til det betre skildrer sårbare mennesker med varme og humor.

Publisert: Skrevet av: ARK-bloggen

I Livet, til det betre skildrer Anna Gavalda tre ulike livshistorier. Vi følger tre unge mennesker –Mathilde, Yann og Billie – som alle er på søken, og ønsker mer av livet. Forfatteren skildrer med en lett og lun tone mennesker som jakter på kjærligheten.

Mathilde har droppet studiene for en jobb hun ikke liker. Yann forsøker å leve i et ulykkelig samliv. Billie oppdager en dag at vennskap eksisterer – tidligere har hun ikke kjent til annet enn fattigdom og vold.

De tre hovedkarakterene er alle besluttsomme og modige – de vil heller satse og feile enn aldri å risikere noe, og leve middelmådige liv.

Det er ein kafé like ved Triumfbogen. Eg sit nesten alltid på same plassen. Inst til venstre bak baren. Eg les ikkje, eg rører ikkje på meg, eg sjekkar ikkje mobilen, eg ventar på nokon.

Eg ventar på ein som aldri kjem, og sia eg kjedar meg, sit eg og ser mørkret senke seg over Café&Bar de l’Étoile.

Siste kollegaene, siste etter-jobben-drinkane, siste gamle vitsane, ein stille time før Paris endeleg skal strekke på seg: drosjene ut og streife, dei langbeinte jentene komme ut av Bologneskogen, kaféeigaren dimme lyset og kelnerane straks bli yngre. Dei set eit lite stearinlys på kvart bord – julelys som blafrar, men ikkje dryp, og legg diskré press på meg: Drikke meir eller forlate setet.

Eg drikk meir.

Det er sjuande gongen, ikkje medrekna dei to første, at eg kjem til dette vassholet i skumringstimen og sløkkjer tørsten blant hund og ulv. Eg kan seie det så sikkert fordi eg har spart på kvitteringane. I førstninga tenkte eg vel at det var som minne, av vane, eller fetisjisme, men no?

No innser eg at det er for å ha noko å halde meg fast i når eg stikk handa ned i kåpelomma.

For når papirlappane finst, må jo det bevise at … ja, kva?

At ikkje noko.

At livet er dyrt her, nær Den ukjende soldats grav.