Liljene på stranda

Rønnaug Kleiva skriv klokkereint i Liljene på stranda, utan å sentimentalisere.

Publisert: Skrevet av: Vidar Kvalshaug, BOK365

Liljene på Stranda av Rønnaug Kleiva

Skjønnlitteratur
Samlaget
194 sider

Rønnaug Kleiva er ingen undervurdert forfattar, men bøkene hennar har for få lesarar. Ho er noko for seg sjølv i den norske bokheimen og slike bør folk bruke nokre timar på. Om ein ser på titlane i den varierte forfattarskapen sidan debuten i 1985, vil ein sjå fleire namn på byar og land, ein indikasjon på det også denne boka er: Ei romanforteljing skrive utanfrå. Ikkje om Norge og vår veremåte, men under dirrar det også ein ambivalens til norsk identitet, kva no det er. Romanen er ikkje om Rønnaug Kleiva, sjølv om det er biografiske trekk i verka. Ikkje om ein turist, men om ein som reiser for å sjå seg sjølv og menneska utanfrå.

Kjøp boka Liljene på stranda av Rønnaug Kleiva

I 2012 ga ho ut romanen Armenia, Albania, Argentina og kom med novellesamlinga Western desert i 2015. Denne vårens roman Liljene på stranda har noko til felles med begge bøkene, og ettertida kan godt finne på å trilogimerke desse tre bøkene, sette dei i ein samanheng. Geografisk er ho også innom Albania i denne romanen.

Om å bli eldre

Kjensla av å bli eldre, av å ha mindre framfor seg enn bak seg, er eit tema i dei siste Kleiva-bøkene. Kroppen går inn i hausten. Utsjånaden får sine skrammer og fordjupningar av liv og tid. Og dette sakte kvernande og forbaska sinnet: Kva skal ein våge å gløyme? Kva ein gløyme for å kome vidare? Når er ein distré, når er ein gløymsk? Det er skrive og filma ein del om menneske som ser ein livspartnar som forsvinn inn i solnedgangen, men mindre om stadia før, om utforskinga av kva som er hugsetull og kva som er sjukdom. Kanskje er noko også berre fortrenging? Reisene i Rønnaug Kleivas bøker er ikkje jakta etter ei ungdomskjelde, men hovudpersonen prøvar å finne fred med seg sjølv, den ein har blitt og skal vere ein meir eller mindre god versjon av.

Ung fange som gamal mann

Eg-personen er i Hellas denne gongen og har utsikt til Akropolis frå hotellet. Ho treff ein eldre mann, ikkje eit klokt orakel slik at det heile romanpersonen fell saman og pumpar ut svar og visdom, men ein som ho, gjennom samtalar, vin og avtalar om sightseeing, kjem innpå og kler av, i alle tydingar av «å kle av». Mannen har ei fortid på ein av øyane utanfor hovudstaden. På øya har han vore fange, ein gløymt og lite nemnt fange i dei politiske dønningane etter krig. Ikkje er han helt, ikkje er han martyr og såret han ber på gir ein interessant romanfigur. Han fortel at han er diagnostisert, han er dement. Ho trur ikkje ho er det, men samspelet mellom dei blir interessant. Dei finn fellesskap i både daglegsamtalane og mogleg dulgd fortid. Difor blir det viktig å dra til fangeøya, øya med liljene, for å sjå kva ein stad kan framkalle av bilete, den typen bilete ein ikkje limar inn i album, men som dukkar opp i både gamle esker og i sinna.

Kleivas poetikk

Kleiva er god til å legge ut spor i romanane sine. Når ho spør om kvifor han tar imot mat frå fattige, er svaret «Det er det dei har å gi, seier han. Til andre tider på året har dei ingen ting å gi. Ein skal ta i mot det folk har å gi».

Ho skriv klokkereint, utan å sentimentalisere, utan overforteljing, utan for mykje tolking. Ho lar teksten flyte ut over sidene og kanskje er det eit litterært prosjekt, ein poetikk, ho presenterer i dei enkle setningane i siste delen av romanen: «Eg reiser alltid til dei ytste øyane. Ei øy langt der ute. Ei øy som har stige opp etter eit vulkanutbrot, til dømes».