Hyttebok frå helvete

Dagens gjesteskribent er Are Kalvø, en av de få som ikke liker å gå på fjellet eller i skauen. Hvorfor det, tro?

Publisert: Skrevet av: Are Kalvø, komiker og forfatter

Det er ikkje meg, det er alle andre

 

I ei undersøking nylig svarte nesten åtti prosent av dei som bur i same land som meg at dei hadde vore på minst ein tur på fjellet eller i skogen i løpet av dei siste tolv månadene.

Eg har ikkje vore på ein einaste tur dei siste tretti åra, verken på fjellet eller i skogen.

Det kjem til eit punkt då ein blir nødt til å spørje seg: Kan det vere meg det er noko gale med?

 

Eigentlig burde eg ha alle føresetnader for å bli ein naturens mann. Eg vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell. Eg vaks opp på en gard, med stabbur og fjøs og låve. Og skog. Mykje skog. Hytte i treet. Eit kvitt trehus. Eit soverom med utsikt til ein fjord.

Her får du Hyttebok får helvete som e-bok

Så det er ikkje det. Oppveksten min er full av natur, jord, dyr, tradisjon, sjølvplukka frukt og bær. Og fjell. Mykje fjell.

Veldig mykje fjell.

Hyttebok frå helvete, Are Kalvø, gavetips , boktips, Kagge forlag

 

Frå stabburstrappa ser du utover markane på garden. Og etter markane: fjell. Køyrer du i fire minutt i ei eller anna retning frå garden, treff du fjell. Dramatiske fjell, fjell som er turistattraksjonar, fjell som folk reiser halve kloden rundt for å ta bilde av. Ein av tre reklamefilmar som skal sjå skikkelig norske ut, er filma her. To av tre reklamefilmar som skal sjå skikkelig norske ut, er filma på New Zealand. Det er billigare.

Og eg har gått mine turar. Eg har hatt ski på beina. Både bortoverski og nedoverski. Det var det ein gjorde i helgane der eg vaks opp, om ein ikkje hadde ei ufattelig god unnskyldning.

Så det er ikkje det at eg er uvant med friluftsliv og tur og ski. Når det var skidag på skulen i min oppvekst, då var den ofte heime hos oss. Det er sant. Garden vår låg nær skulen, og vi hadde god plass. Så då gjekk skuleklassene på ski heime hos oss. Og arrangerte hopprenn heime hos oss. For det låg ein bakke der eg vaks opp som fungerte perfekt som hoppbakke. Høyrer du? Eg vaks opp med skiløyper og hoppbakke heime.

Så det er ikkje det.

 

Og det er ikkje det at eg ikkje liker å gå. Tvert imot. Å gå er noko av det eg liker aller best. Eg går kvar dag, og eg går langt. Så det er ikkje det.

Men eg går på feil måte. Eg liker best å gå på plassar der det er folk. Og gjerne kelnarar. Eg liker å gå omkring i sentrumsgater. Berre vase omkring utan å skulle nokon plass. Det var det ikkje så mange som dreiv med i heimbygda mi då eg vaks opp. Der tok du lappen det sekundet du fylte atten, og etter den dagen så forlot du helst ikkje den bilen. Viss du såg ein vaksen person som gjekk i sentrum i heimbygda mi, så tenkte alle: Jøss, har han mista lappen?

Eller dei tenkte: Har det komme ein ny lærar på ungdomsskulen?

Å gå var ikkje noko ein gjorde i sentrum.

Å sette seg i ein bil, køyre fire minutt til foten av eit fjell, gå opp på dette fjellet og ned att, sette seg inn i den same bilen og køyre heim? Heilt normalt.

Å gå omkring i sentrum utan ein bestemt plan? Bygdeoriginal.

Men eg har det jo i meg. Dette med å gå, langt.

Så det er ikkje det heller.

 

Så kva skjedde?

Eg flytta. Det skjedde. Dei fleste vennene mine hadde det også sånn. Vi lengta vekk. Vi sat på stabburstrapper og såg utover naturen og kjende oss djupe og klare for livet, og tenkte: Her skal ikkje eg vere.

Så vi flytta til byar. Vi gjekk på pub. Vi diskuterte ting vi ikkje hadde greie på. Vi sugde til oss kultur vi eigentlig ikkje likte. Vi gjekk i sentrumsgater. Vi fekk nye venner, ny smak og nye rundar med servering. Vi dreiv på. Vi flytta til byen, likte byen, og såg oss ikkje tilbake. Vi var mange som hadde det sånn.

 

Men.

Dei fleste har det jo ikkje sånn resten av livet.

Dette går over. Det er det. Når du er ferdig med studia eller kva det no er du bruker som unnskyldning for å flytte til ein by. Når du blir vaksen, slår deg til ro, skrur ned tempoet. Då skjer det noko. Då får du andre verdiar.

Då kjem du plutselig på at du eigentlig elskar naturen.

Dette har skjedd nesten alle eg kjenner. Men ikkje meg.

 

Så eg spør igjen: Kan det vere meg det er noko gale med?

Eg bestemte meg for å legge ut på tur for første gong på over tretti år. For å finne ut om det er meg det er noko gale med, eller alle andre. Resultatet blei ei bok som heiter Hyttebok frå helvete.

Så kan du tenke deg resten sjølv.

 

Are Kalvø