Alt er mitt – Ruth Lillegraven

Dagens gjesteblogger er Ruth Lillegraven, poeten som i år er aktuell med en psykologisk thriller!

Publisert: Skrevet av: Ruth Lillegraven, forfatter

Alt er mitt av Ruth Lillegraven (Kagge)

Kor godt kjenner me eigentleg våre næraste? Og kva om me eigentleg ikkje kjenner dei i det heile? Kva om forholdet ditt eller familielivet ditt viser seg å vere gjennomhola av hemmelegheiter? Dette er utgangspunktet for min første psykologiske thriller, Alt er mitt.

Hovudpersonane i boka er ekteparet Clara og Haavard. Dei er tilsynelatande svært vellukka. Ho er jurist i Justisdepartementet, han er barnelege på Ullevål sjukehus. Saman med tvillingsønene bur dei i den store, kvite villaen dei har arva etter Haavards foreldre på Vinderen på Oslos beste vestkant. Medan Haavard er ein litt nonchalant fyr frå ein familie med gamle pengar, er Clara ambisiøs og arbeidsam, og kjem frå tronge kår. Ein gong var dei fascinert av kvarandre. No snakkar dei knapt saman lenger.

Sjølv har eg drøymt om å skrive ein krim sidan eg debuterte som forfattar for 13 år sidan. Krimsjangeren gir unike moglegheiter både for å bore i dei mange mystiske gangane i menneskesjela og ta opp samfunnsaktuelle tema. I Alt er mitt er temaet vald mot barn, det går som ein raud tråd gjennom boka.

Når me først møter Clara og Haavard er det ein stressande morgon i heimen, med dårleg tid og ditto stemning – ein scene som verkar vere gjenkjenneleg for mange. Men snart dreg alle kvar til sitt – sønene på skulen, Clara til departementet og Haavard på kveldsvakt på Ullevål. Ein vanleg dag – som skal vise seg å bli heilt uvanleg.

Alt er mitt, en thriller av Ruth Lillegraven, intervju i ARK-bloggen, Kagge Forlag

Clara har jobba hardt for å få på plass eit lovforslag som skal gjere det lettare å avsløre vald mot barn. Denne dagen blir lovforslaget brutalt lagt på is av statsråd Anton Munch, noko Clara likar dårleg. Same dag får Haavard inn ein gut på fire år på vakta si. Guten er bevisstlaus, og ber preg av mishandling over tid. Seinare same kveld blir far til guten funnen skoten på sjukehusets bønerom. Både sjukepleiarane og legane på vakt mislikar denne faren intenst – og ingen av dei har skikkeleg alibi. Snart er dei alle i politiets søkelys.

Drapet får følgjer også i Justisdepartement, der den frustrerte saksbehandlaren Clara har blitt spurd om å overta som statssekretær for justisministeren. Etterkvart viklar saka seg dessutan inn i privatlivet til Clara og Haavard.

Blant dei sentrale personane er Claras far, småbrukaren Leif, som bur på garden ved den grøne fjorden der Clara vaks opp. Ha har nylig hatt eit lite slag. Far og dotter er svært knytte til kvarandre, veslebroren Lars er død og mora Agnes har dei ikkje hatt kontakt med på tre tiår. Då Clara var lita, drog Leif til Libanon som FN-soldat for å berge gard og familie etter eit katastrofalt år på garden. Utlandsopphaldet har satt djupe spor i Leif – og dermed også i dottera, augesteinen hans.

Fortid og notid, Austland og Vestland, familieliv og yrkesliv – alt er gjennomsyra av hemmelegheiter – og flyt i kvarandre i denne boka.

Sjølv om eg har nokså mange bøker bak meg, har eg aldri skrive krim før. Prosessen skulle vise seg å vere veldig gøy, men også vanskeleg. I større grad enn eg hadde sett for meg måtte eg tenkje teknisk og planleggje plottet, som korleis og når tannhjula i historia skal gripe i kvarandre.

Det var viktig for meg å starte med noko attkjenneleg, folk som liknar meg og deg og lever liv som liknar våre – kanskje noko meir priviligerte enn snittet, men likefullt. Etterkvart dreg forteljinga seg til, alt blir mørkare og farlegare, og hovudpersonane mine blir utsette for stadig meir press.

Tittelen starta med at eg las orda «Alt er mitt» i Pär Lagerkvists legendariske og nydelege dikt «Det är vackrast när det skymmer». Diktet dukkar faktisk opp i handlinga ein vakker sommardag då Haavard sit i hagen sin, ser på ettermiddagslyset som leikar i tre og buskar og på sønene som leikar. Han tenkjer, som i diktet: «Allting er mitt, allting skal tagas från mig». I dette bur eigentleg livets store glede og livets store smerte. Livet er så stort, men også så skjørt – og snart kan det vere over.

Sidan fekk tittelen ei dobbel tyding. Det ligg også ein stormannsgalskap, eit grenselaust mandat i orda «Alt er mitt» som eg tykkjer kler handlinga i boka. Trass alt er jo alle lovbrot – ikkje minst drap – eit resultat av at nokon har gått utover sitt mandat.

Dette er ikkje ein tradisjonell krim med ein etterforskar i hovudrolla, her er det tilsynelatande vanlege folk som fortel. Målet er at du som lesar skal bli riven med – men også overraska undervegs, noko eg har fått tilbakemeldingar om at mange blir. I denne sjangeren er ting gjerne ikkje slik dei ser ut, og det gjeld også for Alt er mitt, der hemmelegheitene etterkvart viser seg å vere mange og mørke.

Sjølv har eg også blitt overraska undervegs. Tanken var først berre ei bok, men eg føler meg slett ikkje ferdig med hovudpersonane mine – så no er eg i full gang med å prøve klekke ut ein oppfølgjar. I mellomtida håpar eg mange vil kose seg med Alt er mitt – ein moderne samlivsthriller med islett både av politisk thriller og vestlandsk noir.